
Tore Kloster
FONOKOs nye styreleder
Etter FONOKOs årsmøte den 22. mars ble det klart at Tore Kloster fra Sunnhordland tar over styreledervervet etter Stefan Hallenberg Bengtsson. Vi ønsker han hjertelig velkommen og ser frem til samarbeidet i tiden fremover!
«Ynskjet mitt er at kordirigentane i Noreg får kjennskap til kolleger i heile landet, deira kompetanse og støtte!»
Tore Kloster, styreleder
Her kan du lese litt om hans bakgrunn, erfaringer og visjoner for FONOKO👇
Eg fall pladask for korsong alt då eg var med i Yngste Røyster på Halsnøy ein gong på 70-tallet, og sidan russetida har eg dirigert. Først tensing. Då eg flytta til Bergen og ikkje kunne ta med meg koret, måtte eg starta studentkor; sidan blei eg dirigent for for unge songarar med kjærleik for klassisk kormusikk. Eg er interessert i «ny musikk», og i 16 år leia eg eit kor som gjerne ville samarbeida med lokale komponistar og driva med improvisasjon. Det nyaste kor-prosjektet mitt er eit kammerkor som storkosar seg med musikk frå det klassiske repertoaret.
Heile tida har eg vore utøvende solist og ensemblesongar. I ein periode tilsett i det som no heiter Edvard Grieg Vokalensemble.
Dei siste åra har eg vore med i styrearbeid innan det frivillige musikklivet. Eg var i sentralstyret i Ung i Kor og Vestland musikkråd. No sit eg som nestleiar i MSF sitt styre. Vervet for FONOKO er litt som å «komma heim», eg ser likevel for meg at det blir ein læringskurve. Utviklinga i kor-Noreg har vore enorm i tida eg har vore aktiv. Ynskjet mitt er at kordirigentane i Noreg får kjennskap til kolleger i heile landet, deira kompetanse og støtte! Samstundes som me må sikra at me får med oss relevant nytt frå omverda. Me må tenkja lurt på korleis me kan væra eit nyttig og interessant supplement til organisasjonsmylderet rundt det frivillige musikklivet. Me representerer eit møtepunkt mellom det profesjonelle og det frivillige musikklivet, og her trur eg me bør væra nyttige, utan å gå verken kororganisasjonane eller fagforeningane i næringa. Organisasjonen vår bør væra relevant for kordirigenter i heile landet, så me må arbeida for å nå ut til og vera relevant for det totale mangfaldet me er til for.
– Tore Kloster, april 2025